Ny masteroppgåve: Sjølvforståing i ein attføringsprosess

Nelly Ann Midtbøs masteroppgåve er ei Q-metodisk undersøking av 16 attføringsdeltakarar si sjølvforståing i ein attføringsprosess.

God attføring er eit sentralt verkemiddel for å få fleire ut i arbeid, og i denne prosessen er det viktig at karriererådgjevarar har kunnskap til å kunne rettleie på ein god måte.

Dette vil innebere å vite kva attføringsdeltakarar tenkjer om seg sjølve i denne prosessen. Denne masteroppgåva tek for seg korleis 16 personar opplever seg sjølve i ein attføringsprosess.


Kva relasjon ønskjer dei til rettleiar? Kva syn har dei på sitt utviklingspotensial? Tek dei ansvar for eige liv? Dette er spørsmål som blir forska på og diskutert i oppgåva.

Les oppgåva her.